Foredrag om spillavhengighet

Ørjan Hopen forteller nakent og direkte om sitt liv som spillavhengig.

45 minutter med storytelling i verdensklasse. Her er et utdrag fra innledningen.

«Ein dobbeltime med norsk, der dansk diktanalyse var hovudmålet, har aldri frista for andre enn spesielt interesserte. Det skulle vise seg at desse timane skulle bli det eg huskar best i frå tida mi på vidaregåande skule. Godt plassert, som vanleg, bakerst i hjørnet i klasserommet sat ein noko umotivert fotballspelar.

Dagen i forvegen hadde eg utnytta meg av ein av dei utallige innskuddsbonusane som finst der ute. Innskuddet på 1.000kr hadde vokse til 16.000kr. Umotivert, uinspirert og godt lei ut i andre timen frista eg meg inn på casinoet til spelselskapet. Begeistringen for dansk diktanalyse hadde nådd sin topp, hungeren etter økt puls blei for stor. Lærar Ramstad hadde fått nok oppmerksomheit på ei stund. Etter 10 minutts intens jakt på wild’s og scattera satt endelig musa i fella.

At eg skulle ha så flaks at scatterane dukka opp va ein ting, at eg attpåtil trykte feil og satsa maks når scatterane kjente sine besøkelsestid, kan ikkje seiast å vere anna enn griseflaks. Bonusspelet blei entra med 200 euro i innsats. Eg hadde altså satsa 1/10 av heile saldoen min på eitt trykk. Sjølv ein spelavhengig og triggerhappy 18-åring kan ikkje stå inne for det.

Euforien tok totalt overhånd når scatterane kom, så hukommelsen er ikkje veldig klar frå sjølve bonusspelet. Det einaste eg huskar er at eg måtte skru ned lysstyrken på maskina, gjenskinnet frå wildsa i veggen og augene mine kunne ikkje Ramstad få nyss i. Då wildsa hadde sett seg lei blinkinga på maskina mi, og bonusspelet var over, hadde eg vunnet litt i overkant av ein million kroner.»

Interessert i foredraget? Send en epost til post@bortekamp.no

Smerte - Forsakelse - Grensesprenging - Ærlighet - Motgang - Mestring - Humor