Han vann ein million på nettspel i ein klassetime. Så starta nedturen
Han vann ein million på nettspel i ein klassetime. Så starta nedturen.
Sogndal: Han var sett på som eit stort fotballtalent, men sidan pengespel tok kontrollen over livet har det berre gått nedover med karriera.
Gjennom prosjektet Bortekamp er målet at TV-sjåarane skal få følgja Hopen på vegen tilbake til spel i Eliteserien i 2019. – Det er lenge sidan eg spelte på topp, og eg saknar det meir og meir. Det er ei sabla utfordring, men eg blir trigga av det, seier Hopen.